Personvern
Personvernerklæringa er meint for å sikre at kundar/brukare er informert om kva for opplysningar vi samlar inn og lagrar om kundane/brukaren våre. Den fortel også kvifor vi bruker opplysningane, og korleis vi sikrar våre kundar/ brukaren sine rettigheiter og reglane i personlovgjeving.
Behandlingsansvarleg
Torbjørg Brattabø er på vegne av Os idrettspark Bjørnafjorden KF behandlingsansvarleg for selskapet si handsaming av personopplysningar.
1. Personopplysningar som lagrast
Vi lagrar fylgjande personopplysningar om våre kundar/ brukar:
Namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og fødselsdato.
2. Føremål med handsaminga
Vi bruker opplysningane for å kunne gje deg informasjon og tilbod i forbindelse med kurs, medlemsskap og tilbod i Os idrettspark Bjørnafjorden KF.
3. Grunnlaget for handsaminga
Informasjon om namn, adresse, telefon, e-postadresse for å kunne registrere kursverksemd og medlemsskap. Grunnlaget for denne handsaminga er personvernforordninga Art 6 (b).
Der du har samtykka til det nyttast også opplysningane til å gje deg informasjon og tilbod i samband med kurs via e-post, telefon og SMS. Grunnlaget for denne handsaminga er personvernforordninga Art 6 (a). Du kan når som helst takke nei til å ta imot slik informasjon frå oss.
4. Utlevering av opplysningar til tredjepartar
Vi vil ikkje dele, selje, overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettslig forplikta til det.
5. Sletting av personopplysningar
Så lenge de går på kurs eller har medlemsskap hos oss arkiverer vi dykkars opplysningar, men når de ikkje lenger fortset på kurs eller har medlemsskap sletter/makulerer vi alle opplysningane.
6. Rettigheiter for den registrerte
Vi handsamer dine personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Det blir gjort oppmerksam på at du kan krevje innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar.