top of page

MENY

Avtalevilkår 

Bruksreglar og trivselsreglar for styrketreningsrommet

A Avtalevilkår: 

 

1. Brukarplikt: 

Som brukar pliktar du å halda deg orientert om og følgja dei vilkåra som gjeld brukarane i Fjorden arena og for styrkerommet. 

2. Betalingsvilkår:

 Brukarbetalinga må du betala digitalt anten via nettbank, bankkort eller vipps. Du kan ikkje betala kontant. Fjorden arena vil koma til å justera prisane på bruken, men ikkje undervegs i eit semester. Fjorden arena har rett til å endra tilbodet i styrkerommet, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid. 

3. Manglande betaling, signatur eller sertifisering: 

  • Medlemskap må vera betalt før du kan nytta styrkerommet. 

  • Signatur for alle reglar og vilkår må vera registrert før du kan nytta styrkerommet. 

  • Dersom du tar ein person med på drop-in-time, må vedkommande betala for drop-in-timen. Prisen er kr. 100,- for alle mellom 16-20 år, og kr. 120,- for vaksne. 

 

4. Avtaletid:

Bruksavtalen er gyldig for det abonnementet  det vert kjøpt eller fornya for. Brukaren må sjølv fornya avtaleperioden ved å betala for nytt abonnement og skriftleg be om å få tilgang på adgangskort fornya. 

 

5. Frys/pause av tilgang: 

Styrkerommet ved Fjorden arena innvilgar ikkje frys/pause av medlemskap. Dette 

betyr at dersom du har kjøpt abonnement, så kan du ikkje fryse tilgangen og 

nytta dei resterande månadane ved ei seinare anledning. 

 

6. Overdraging: 

Brukartilgangen er personleg og brukar kan ikkje sjølv overdra kort og tilgang til andre. 

 

7. Tap av tilgangskort:

Ved tap av tilgangskortkort må brukar varsla Fjorden arena umiddelbart, slik at dette blir sperra. Viss Fjorden arena får noko form for økonomisk tap (tjuveri, hærverk osv.) fordi brukar har mista tilgangskortet, kan brukar bli erstatningspliktig. Brukar må betala for tapt kort kr 200. 

8. Oppseiing:

Brukar kan når som helst seia opp kontrakten, men vil ikkje få refundert noko av summen på abonnementet. 

9. Personvern: 

Som medlem i styrkerommet ved Fjorden arena samtykker du til at Fjorden arena innhentar, lagrar og behandlar dine personopplysningar for å administrera kundeforholdet, og at data kan brukast til statistiske formål. Fjorden arena har også rett til å senda ut relevant informasjon, nyhende og tilbod frå Fjorden arena. Opplysningar kan i samband med statistisk behandling bli utlevert til andre selskap. Opplysningane vil bli utlevert i anonymisert form, slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast. Det er frivillig å gje frå seg opplysningar om seg sjølv, og du kan når som helst få sjå, korrigera eller oppdatera informasjonen du har oppgitt til Fjorden arena, i tråd med reglane i POL §§ 27 og 28. Du har også rett til å få sletta den informasjonen som Fjorden arena har lagra om deg, dersom du ynskjer det. Meir om personvern

 

10. Ansvar:

  • Tilgangskort/brukarkort er personleg og skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst. 

  • Brukar pliktar å informera Fjorden arena om endringar i avtalen, som endring av kontaktopplysningar (adresse, e-postadresse, telefonnummer etc.) 

  • All trening og bruk av utstyr skjer på eige ansvar. Styrkerommet fråskriv seg eit kvart ansvar for tap og skade på person eller gjenstandar som skjer under brukaren sitt opphald i styrkerommet og Fjorden arena, som t.d. tap og skade på personlege klede, eigendelar og person. Du er fullt ansvarleg for eigen aktivitet i styrkerommet. 

  • Brukar er sjølv ansvarleg for sine personlege ting og skal låsa dei inn i skap under trening. Hengelås må brukar ta med sjølv. Gløymer du å ta med ting heim etter trening, kan skapet bli opna av personalet og ting samla saman. Dersom hengelås heng att på skap etter stengetid, vil desse blir brotne opp og ting samla inn. Fjorden arena vil ikkje dekka kostnader med ny lås. 

  • Dersom du har med deg ein person på drop-in, er du fullt ansvarleg for denne personen; det gjeld alle handlingar og hendingar forårsaka eller tilknytt denne personen, då inkludert tap av gjenstandar, personskadar med meir. 

 

11. Stenging av anlegget 

  • Fjorden arena har rett til å stenga heile eller delar av anlegget på heilagdagar og redusera opningstida i samband med ferie, offentlege fridagar eller arrangement. 

  • Brukar må kunna pårekna kortare stengingsperiodar av heile eller delar av Fjorden arena, alternativt reduserte opningstider ved eksempelvis nødvendig vedlikehald eller driftstekniske problem. 

  • Fjorden arena er ikkje ansvarleg for hindring eller avgrensa høve til trening på grunn av forhold utanfor Fjorden arena sin kontroll, og som Fjorden arena ikkje kunne sjå på førehand eller overvinna følgje av (Force Majeure). 

  • Fjorden arena har rett til å endra tilbodet i styrkerommet, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid. 

 

 

B. Reglar for trening i styrkerommet:

 

1. Krav til brukar

  • Brukar stadfestar at ho/han er fysisk og psykisk skikka til å bruka treningsfasilitetane på ein ansvarleg og helsefremjande måte. 

  • Det er totalt forbode for barn under 16 år å opphalda seg og trena i styrkerommet. 

  • Alle som skal vera i styrkerommet må også vera i stand til å retta seg etter reglane og vilkåra, eller dei må ha med følge som kan følgja opp desse på vegner av brukar (personar med følgjekort). 

  • Du pliktar å halda alle inngangsdører til Fjorden arena og styrkerommet lukka og låst, med mindre andre instruksjonar er gjeve av personell. 

  • Du pliktar å vera ute av bygget når klokka når stengetida. 

 

2. Ansvar og tryggleik

  • Trening er ein risikoaktivitet som vert utøvd på eige ansvar. 

  • Du må følgja reglane for sikker trening, også reglane det er informert om på utstyret. 

  • Du må gjera ditt beste for å ivareta eigen og andre sin tryggleik. 

  • Du er sjølv ansvarleg for å ha ulukkesforsikring som omfattar trening. 

 

3. Brukarkort

  • Adgangskortet ditt skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst. 

  • Både legitimasjon og brukarkort må visast fram ved kontroll. 

  • Dersom ikkje brukarkort eller drop-in-bevis kan visast fram under kontroll, kan du bli vist bort frå styrkerommet. Du kan også bli bøtelagt med kroner 3000,-. 

  • Det er forbod mot å ta med seg følge inn i styrkerommet som ikkje har betalt for drop-in, eller som ikkje har fast brukartilgang. Brot på denne regelen medfører ei bot på kroner 3000,-. 

 

4. Treningstøy og sko

  • Kle deg funksjonelt, og ta omsyn til andre. All trening skjer med minimum singlet og med shorts som går ned på låra. 

  • Klede og sko skal vera reine. 

  • Vi oppfordrar til å bruka handkle i styrkerommet. 

  • Det er påbod om innejoggesko som ikkje set merke, det er ikkje tillatt å gå berrføtt. Sko som blei nytta ute før du kom, er ikkje tillatt brukt i styrkerommet. Utesko set du på tilvist plass eller i skapet. 

  • Bruk skap i garderoben til å oppbevara personleg utstyr og klede. Ta det ikkje med inn i styrkerommet, hallen eller klatrehallen. 

 

5. Utstyr

  • Bruken av utstyr i hallen er på eige ansvar, og brukar er sjølv ansvarleg for å sjekka at utstyret er i orden før bruk. 

  • Brukar har ansvar for å ta vare på, og levera tilbake, utstyret dei brukar i styrkerommet, i same stand og på same plass, med ein gong etter bruk. 

  • Det er forbode å ta utstyr ut av styrkerommet. 

  • Ved tjuveri, hærverk og tap på utlånt utstyr vil lånar vera erstatningspliktig. 

  • Det er ikkje lov å reservera utstyr. 

 

6. Ro og orden

  • Leik, roping og unødig støy er ikkje lov. 

  • Yttertøy, utesko og eigendelar skal vera att i garderoben. 

  • Det skal ikkje vera stolar eller andre møblar inne i styrkerommet. 

7. Rus og dopingmidlar

  • Fjorden Arena har inngått avtale om «Reint senter» med Antidoping Norge fordi vi ynskjer eit reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt treningssenter. Vi tolererer difor ikkje bruk av dopingmidlar blant våre kundar. 

  • Som medlem av Fjorden Arena tar eg avstand frå bruk av dopingmidlar. Eg er kjend med at bruk, oppbevaring, erverv, innførsel og distribusjon av dopingmidlar utgjer eit vesentleg misleghald av medlemsavtala. Dette gjev Fjorden Arena rett til å heve avtalen med omgåande verknad. Straffereaksjon i form av førelegg eller dom vil også utgjere eit slikt vesentleg misleghald. 

  • Eg forpliktar meg til ikkje å bruke dopingmidlar som framkjem på særskilt dopingliste for treningssenter. Eg er kjent med at oppdatert liste alltid kan finnast på www.antidoping.no

  • Fjorden Arena har inngått avtale med Antidoping Norge om gjennomføring av dopingkontroll. Der senteret registrerer teikn og symptom på bruk av dopingmidlar er eg innforstått med at eg vil bli innkalla til ein samtale. Under samtalen vil eg bli førelagt ein avtale om dopingkontroll som forpliktar meg til å avgje dopingprøve medan eg oppheld meg på treningssenteret dersom det framleis føreligg teikn  til mogeleg dopingbruk.

  • Dersom eg ikkje signerer erklæringa, vert det sett på som eit vesentleg misleghald av min medlemsavtale, og Fjorden Arena har anledning til å sei opp treningsavtalen.

  • Med ikraftsetjing frå 1.juli 2013 er all bruk av dopingmidlar kriminalisert etter Legemiddellova, § 24 a. Bruk av - eller mistanke om bruk av dopingmidlar på Fjorden Arena kan verta politimeldt.

 

8. Rettleiing og regelbrot

  • Alle faste brukarar og drop-in må følgja rettleiing og pålegg frå dei tilsette. Dei tilsette kan visa bort eller nekta tilgang til personar eller grupper som vert sett på som uskikka til å nytta fasilitetane. 

  • Ved oppførsel i strid med styrkerommet og Fjorden arena sine vilkår eller reglar, kan Fjorden arena straks visa bort brukar, og i alvorlege saker straks seia opp avtalen utan plikt til å refundera innbetalt medlemsavgift. Ein mildare reaksjon kan vera bortvising for ein kortare periode. 

 

9. Avvik 

  • Alle personskadar skal rapporterast til dei tilsette. Skriv melding på e-post, sms eller anna til dagleg leiar ved Fjorden arena. 

  • Oppdagar du feil eller manglar som kan vera viktig for tryggleiken i anlegget, skal du utan opphald melda frå til daglig leiar. 

 

C. Trivselsreglar: 

 

  • Ta omsyn til andre og bidra til å skapa eit godt, sunt og triveleg treningsmiljø.

  • Vis køkultur og ikkje okkuper apparat over unødvendig lang tid.

  • Du skal ikkje nyta mat i styrkerommet.

  • Brukar har ikkje under noko omstende lov til å sleppa inn ueigna eller uskikka personar i Fjorden arena eller styrkerommet.

  • Alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk. Styrke- og kondisjonsapparat og gymnastikkmatter skal reingjerast ved hjelp av sprayflaske og papir/vaskefille etter bruk.

bottom of page