top of page

MENY

Avtalevilkår 

Bruksreglar og trivselsreglar for klatrehall

A Avtalevilkår: 

 

1. Brukarplikt: 

Som brukar pliktar du å halda deg orientert om og følgja dei vilkåra som gjeld brukarane i Fjorden arena og for klatrehallen. 

2. Betalingsvilkår:

Brukarbetalinga må du betala digitalt anten via nettbank, bankkort eller vipps. Du kan ikkje betala kontant. Fjorden arena kan justera prisane  to gonger i året (januar og august). Fjorden arena har rett til å endra tilbodet i klatrehallen, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid. 

3. Manglande betaling, signatur eller sertifisering: 

  • - Medlemskap må vera betalt før du kan nytta klatrehallen. 

  • - Signatur for alle reglar og vilkår må vera registrert før du kan nytta klatrehallen. 

  • - Viss du skal nytta tauveggen, må du eller den du klatrar med, ha minimum brattkort.

  • - Det er eit krav for å ha individuell tilgang i klatrehallen er at du har brattkort.

  • - Dersom du tar ein person med på drop-in-time, må vedkommande betala for drop-in-timen. Prisen er kr. 70,- for alle mellom 5 - 15år,  kr. 100,- for alle mellom 16-20 år, og kr. 120,- for vaksne. 

4. Avtaletid:

Bruksavtalen er gyldig for det abonnementet som vert kjøpt eller fornya. Brukaren må sjølv fornya avtaleperioden ved å betala for nytt abonnement og skriftleg be om å få tilgang på adgangskorta når det er fornya. 

5. Frys/pause av tilgang: 

Klatrehallen ved Fjorden arena innvilgar ikkje frys/pause av medlemskap. Dette 

betyr at dersom du har kjøpt abonnement, så kan du ikkje fryse tilgangen og 

nytta dei resterande månadane ved ei seinare anledning. 

6. Overdraging: 

Brukartilgangen er personleg og brukar kan ikkje sjølv overdra kort og tilgang til andre. 

7. Tap av tilgangskort:

Ved tap av tilgangskortkort må brukar varsla Fjorden arena umiddelbart, slik at dette vert sperra. Viss Fjorden arena får noko form for økonomisk tap (tjuveri, hærverk osv.) fordi brukar har mista tilgangskortet, kan brukar bli erstatningspliktig. Brukar må betala for tapt kort kr 200. 

8. Oppseiing:

Brukar kan når som helst seia opp kontrakten, men vil ikkje få refundert noko av summen på abonnementet. 

9. Personvern: 

Som medlem i klatrehallen ved Fjorden arena samtykker du til at Fjorden arena innhentar, lagrar og behandlar dine personopplysningar for å administrera kundeforholdet, og at data kan brukast til statistiske formål. Fjorden arena har også rett til å senda ut relevant informasjon, nyhende og tilbod frå Fjorden arena. Opplysningar kan i samband med statistisk behandling bli utlevert til andre selskap. Opplysningane vil bli utlevert i anonymisert form, slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast. Det er frivillig å gje frå seg opplysningar om seg sjølv, og du kan når som helst få sjå, korrigera eller oppdatera informasjonen du har oppgitt til Fjorden arena, i tråd med reglane i POL §§ 27 og 28. Du har også rett til å få sletta den informasjonen som Fjorden arena har lagra om deg, dersom du ynskjer det. Meir om personvern

10. Ansvar:

  • Tilgangskort/brukarkort er personleg og skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst. Brukar pliktar å informera Fjorden arena om endringar i avtalen, som endring av kontaktopplysningar (adresse, e-postadresse, telefonnummer etc.) 

  • All trening og bruk av utstyr skjer på eige ansvar. Klatrehallen fråskriv seg eit kvart ansvar for tap og skade på person eller gjenstandar som skjer under brukaren sitt opphald i klatrehallen og Fjorden arena, som t.d. tap og skade på personlege klede, eigendelar og person. Du er fullt ansvarleg for eigen aktivitet i klatrehallen. 

  • Brukar er sjølv ansvarleg for sine personlege ting og skal låsa dei inn i skap under trening. Hengelås må brukar ta med sjølv. Gløymer du å ta med ting heim etter trening, kan skapet bli opna av personalet og ting samla saman. Dersom hengelås heng att på skap etter stengetid, vil desse blir brotne opp og ting samla inn. Fjorden arena vil ikkje dekka kostnader med ny lås. 

  • Dersom du har med deg ein person på drop-in, er du fullt ansvarleg for denne personen; det gjeld alle handlingar og hendingar forårsaka eller tilknytt denne personen, då inkludert tap av gjenstandar, personskadar med meir. 

11. Stenging av anlegget 

  • Fjorden arena har rett til å stenga heile eller delar av anlegget på heilagdagar og redusera opningstida i samband med ferie, offentlege fridagar eller arrangement. 

  • Brukar må kunna pårekna kortare stengingsperiodar av heile eller delar av Fjorden arena, alternativt reduserte opningstider ved eksempelvis nødvendig vedlikehald eller driftstekniske problem. 

  • Fjorden arena er ikkje ansvarleg for hindring eller avgrensa høve til trening på grunn av forhold utanfor Fjorden arena sin kontroll, og som Fjorden arena ikkje kunne sjå på førehand eller overvinna følgje av (Force Majeure). 

  • Fjorden arena har rett til å endra tilbodet i klatrehallen, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid. 

B. Reglar for klatring og krav til brukar i klatrehallen:

1. Krav til brukar

  • Brukar stadfestar at ho/han er fysisk og psykisk skikka til å bruka treningsfasilitetane i klatrehallen på ein ansvarleg og helsefremjande måte. 

  • For å klatra med tau i anlegget skal brukar følje Norges klatreforbund sine reglar som gjeld for brattkort. Du må fylgja reglande for sikker trening, informasjon finn det på plakatar som heng i klatrehallen.

  • Alle som skal vera i klatrehallen må også vera i stand til å retta seg etter reglane og vilkåra, eller dei må ha med følge som kan følgja opp desse på vegner av brukar (personar med følgjekort). Reglane går fram av oppslag, nettside og denne kontrakten

  • Du pliktar å halda alle inngangsdører til Fjorden arena og klatrehallen lukka og låst, med mindre andre instruksjonar er gjeve av personell. 

  • Du pliktar å vera ute av bygget når klokka når stengetida. 

2. Ansvar og tryggleik

  • Trening er ein risikoaktivitet som vert utøvd på eige ansvar. 

  • Alle faste brukara og drop- in må fylja rettleiing og  pålegg frå deg tilsett. Tilsette kan visa bort eller nekta personar / grupper  tilgang om dei vert vurdert å vera usikka til å nytta klatrehallen

  • Du må følgja reglane for sikker trening, be om rettleiing ved tvil av bruk av utstyr og anlegg. 

  • Du må gjera ditt beste for å ivareta eigen og andre sin tryggleik. 

  • Du er sjølv ansvarleg for å ha ulukkesforsikring som omfattar trening og klatring. 

  • Roping og unødig støy er ikkje lov.

3. Brukarkort

  • Adgangskortet ditt skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst. 

  • Både legitimasjon og brukarkort må visast fram ved kontroll. 

  • Dersom ikkje brukarkort eller drop-in-bevis kan visast fram under kontroll, kan du bli vist bort frå klatrehall. Du kan også bli bøtelagt med kroner 3000,-. 

  • Det er forbod mot å ta med seg følge inn i klatrehall som ikkje har betalt for drop-in, eller som ikkje har fast brukartilgang. Brot på denne regelen medfører ei bot på kroner 3000,-. 

  • Dersom du ved kontroll av sikringsarbeid vert teken i å mangla brattkort eller anna klatrebevis, kan du verta vist  bort frå klatrehall.

4. Treningstøy og sko

  • Det er påbod om klatresko eller inne-joggesko, det er ikkje tillat å gå berrføtt. Sko som blei nytta ute før du kom, er ikkje tillat brukt i klatrehallen. Utesko set du på tilvist plass eller i skapet. Klatresko skal kun nyttas i klatrehallen.

  • Bruk skap i garderoben til å oppbevara personleg utstyr og klede. Ta det ikkje med inn i styrkerommet, hallen eller klatrehallen. 

  • Kle deg funksjonelt, og ta omsyn til andre. All trening skjer med minimum singlet og med shorts som går ned på låra. Bar overkropp eller barføtt er ikkje lov i Fjorden arena.

  • Klede og sko skal vera reine. 

  • Vi oppfordrar til å bruka handkle i klatrehallen. 

  • Tømm lommene før klatring, unngå fallande gjenstandar.

5. Klatrereglar i tauvegg

  • All sikringsarbeid skal ein foreta ståande. Maksimal avstand til klatrevegg for den som sikrar er 2 meter. Ved klatring på topptau i overheng skal ein bruka mellom-forankring. Meld frå umiddelbart til den det gjeld om du ser nokon som gjer feil isikringsarbeid.

  • All klatring skal føregå med utstyr godkjent av UIAA (CE- godkjenning)

  • All topptauing skjer med tauet rundt topptaufeste eller gjennom to karabinarar, den eine skal vera skrukarabinar.         

  • Det er ikkje lov å topptaue på dei mest overhengande rutene.

  • Klatrar skal klippa seg inn på alle sikring boltar/ hengarar.

  • Unngå fingrar i boltehengarar.

  • Det blir brukt kalkball, og ikkje lauskalk i klatrehallen

  • Clogging er forbode.

  • Ned firing skal skje kontrollert. Den som vert fira ned går roleg ned veggen utan å sparka seg ut.

  • Ved lause kaltregrep, send melding til post@fjordenarena.no, eller ta kontakt med dagleg leiar. Ikkje etterskru sjølv.

  • Når du oppheld deg i klatrehallen må ein til ein kvar tid vera merksam på klatreveggen og at det kan falla ned gjenstandar som klatregrep, karabinkrokar og liknande. Tenk over kor oppheld deg når du ikkje klatra.

  • Det skal ikkje vera stolar eller lause gjenstandar inne i klatrehallen.

  • Ved stor vektforskjell vert det rådd til at sikrar koplar seg inn i bolt i botnen av vegg med langslynge.

  • Ha aldri to tau inni på same punkt. På nybegynnarvegg skal topptau ikkje kryssa kvarandre.

  • Uaktsomheit eller regelbrot kan medføra bortvisinga, grove eller gjentakande tilfelle kan medføra inndratt brattkort eller andre klatrekort.

6. Reglar for autobelay

  • Barn under 16 år skal vera fylgje med ein vaksen i kaltrehallen, og det er den vaksne som skal koble barna inn og ut av en autobelay.

  • Du er sjølv ansvarleg for å få opplæring før autobelay vert nytta.(sjå video på YouTube)

  • Du er ansvarleg for at selen set riktig på.

  • Unngå å klatre sidelengs.

7. Reglar for buldring.

  • Buldring i tauvegg er ikkje tillat.

  • Kvilande buldrarar skal vika for aktive buldrarar.

  • Det skal ikkje buldrast under buldrar som alt er i veggen.

  • Hald fallsonen fri for harde gjenstandar som drikkeflaske og liknande.

 

 

8. For barn under 16 år som oppheld seg i klatrehallen gjeld fylgjande:

  • Barn som er i klarehallen, skal til ei kvar tid vera under oppsyn av ein vaksen (person over 18 år), også i buldreveggen.

  • Dei vaksne har fullt ansvar for tryggleiken til barnet og konsekvensane av handlingane til barnet dei har med seg i klatrehallen.

  • Den vaksne skal sørga for at barn sin oppførsel ikkje er til fare for barna sjølv eller for tredjepart som nyttar anlegget.

  • I buldreveggen krev ein ikkje brattkort.

  • Ein vaksen kan berre ha med seg eitt barn på grunn av sikkerheitsårsakar.

 

9. Barn skal gjerast merksam på:

  • At tau ikkje skal dragast i eller dragast ned.

  • At dei ikkje må springa, bråka eller forstyrra andre.

  • At buldreveggen er for klatring. Madrassane er landingsplass for fallande klatrararka og difor farleg å bruka til opphald eller til å turna på.

  • At ein ikkje skal stå eller opphalde seg rett under den som klatrar.

 

10. Personar under 18 år som brukar anlegget:

Personar under 18 år må ha løyve frå føresette til å bruka taudelen av klatreveggen i tillegg til brattkort.

 

11. Ifølge dette reglementet er det mogleg å få tilgang til å klatre med tau i anlegget dersom ein:

  • Innehar minimum brattkort sjølv.

  • Er i følgje med ein vaksenperson over 18 år som har minimum brattkort.

 

12. Utstyr

  • Bruken av utstyr i hallen er på eige ansvar, og brukar er sjølv ansvarleg for å sjekka at utstyret er i orden før bruk. 

  • Brukar har ansvar for å ta vare på, og levera tilbake utstyret dei brukar i klatrehallen, i same stand og på same plass, med ein gong etter bruk. 

  • Det er forbode å ta utstyr ut av klatrehallen. 

  • Ved tjuveri, hærverk og tap på utlånt utstyr vil lånar vera erstatningspliktig. 

  • Det er ikkje lov å reservera utstyr. 

 

13. Ro og orden

  • Leik, roping og unødig støy er ikkje lov. 

  • Yttertøy, utesko og eigendelar skal vera att i garderoben. 

  • Det skal ikkje vera stolar eller andre møblar inne i klatrehallen. 

 

14. Rus og dopingmidlar

  • Som brukar med avtale i klatrehallen stadfestar du at du ikkje brukar/kjøper/sel stimuli eller doping som står oppført på lista til Antidoping Norge, og du stadfestar at du frivillig vil la deg bli dopingkontrollert. 

  • Det er strengt forbode å vera påverka av rusmidlar og å ta dette med inn i klatrehallen.

 

15. Rettleiing og regelbrot

  • Alle faste brukarar og drop-in må følgja rettleiing og pålegg frå dei tilsette. Dei tilsette kan visa bort eller nekta tilgang til personar eller grupper som vert sett på som uskikka til å nytta fasilitetane. 

  • Ved oppførsel i strid med klatrehallen og Fjorden arena sine vilkår eller reglar, kan Fjorden arena straks visa bort brukar, og i alvorlege saker straks seia opp avtalen utan plikt til å refundera innbetalt medlemsavgift. Ein mildare reaksjon kan vera bortvising for ein kortare periode. 

 

16. Avvik 

  • Alle personskadar skal rapporterast til dei tilsette. Skriv melding på e-post post@fjordenarena.no , sms eller anna til dagleg leiar ved Fjorden arena. 

  • Oppdagar du feil eller manglar som kan vera viktig for tryggleiken i anlegget, skal du utan opphald melda frå til daglig leiar. 

 

C. Trivselsreglar: 

  • Ta omsyn til andre og bidra til å skapa eit godt, sunt og triveleg treningsmiljø.

  • Vis køkultur og ikkje okkuper apparat over unødvendig lang tid.

  • Du skal ikkje nyta mat i klatrehallen.

  • Brukar har ikkje under noko omstende lov til å sleppa inn ueigna eller uskikka personar i Fjorden arena eller klatrehallen.

  • Alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk. Apparat, gymnastikkmatter  og anna utstyr skal reingjerast ved hjelp av sprayflaske og papir/vaskefille etter bruk.

bottom of page